Craft beer til irritasjon

Litt tanker omkring det som irriterer meg i craft beer universet:
At enkelte nye bryggerier pusher på oss øl av særdeles slett kvalitet. Alle har vel kjøpt minst ei halvliterflaske i butikk til 74,90 kr og opplevd ein kvalitet som hadde fått sjølv ein førstereis heimebryggar til å vri seg i avsky.

Dette punktet kan nok forklare littav problemet i punktet over: At, upasteurisert og ufiltrert handverksøl blir ståande over tid i romtemperatur i dei fleste butikker. Dette gjelder og Gulating sine ølutsalg. Det som i utgangspunktet var eit godt øl blir ofte omvandla til "Holy crap!) pga lagring i butikk.

Alias øl. Det er fleire som tilbyr å lage “etikett øl” til firma, privatpersoner eller den lokale handelsstanden til all slags “lokale dager”. Greitt nok, men eg har særleg høge forventninger til at dei bryggeria som tek kvalitet på alvor i alle ledd, ikkje slepp ut øl som ikkje er tydeleg merka. Om ølet f.eks heiter “Fjonvik Pale Ale” og er spesielt laga til årets brokkolifestival, skal det og kunne lesast av etiketten at dette er den ordinere Pale Ale til bryggeriet ___________. Burde vere såre enkelt.

“Only available at ____________ Beer Festival 2018”. I helv… heller! Dette er noko dritt!

Batcher på 10-50 liter av bryggerier som har potensiale til å selge betydeleg meir enn det. Har opplevd at eit nytt øl var tomt etter knappe 3 dager.

Når påståtte utgifter til ekstra humle eller andre obskuriteter fører til at ein halvliterboks på 4,7 % blir prisa til 80 kroner frå eige bryggeriutsalg.

Hypa amerikanske bryggeri, der 75 cl flasker på polet blir prisa til rundt 500 kroner. Kjøper du, bidrar du til galskapen…

Er det ikkje nok med eit collab bryggeri?. Og, kva er gale med eit enkelt og greitt ølnamn som går an å hugse?? Ofte ender vi opp slik: Rallkattlia Gaardsbryggeri / 59N11E Korumdalen Brewery & Farming / The Flying Dutchman Nomad Brewing Company Double Dry Hopped Black IPA - Tonka & Kopi Luwak Insane Mudcake Biscuit Bruichladdich Barrel Aged 2018 Edition with Kveik and Junipers.

1 Like

Ooohh, gløymte denne: Når eit av dine norske favorittbryggeri serverer eit nytt øl på ein ølfestival i utlandet og det var einaste mulighet til å får prøve det!!!

Må først og fremst si at det kollab ølet der VIL jeg teste!
WoW

Og 2
ikke kjøp faenskapet

og 3
de teller untappd klikk dessverrre
samme øl med nytt navn gir ennå mer klikk

vi burde legge ned untappd