Mini-admin and his Norwegian roadtrip

Innkvartert i Hønefoss og snart klar for Humbar. Må bare gjere opp status på alle innkjøp som er lagra i bilen :grinning:
Nye plasser for meg i dag:
Vinmonopolet Seljord - tick…
Vinmonopolet Bø - mange frå Lindheim!
Lindheim Ølkompani
NeRø Frukt og Sider
Ølforsyningen (Kongsberg)
Vinmonopolet Asker - sjeldne ting for ein Rogalending, blant anna ein boks frå Lervig…
Spar Sundvollen - «alt» av Solumsmoen
Åsa Landhandleri - pussig men kjekk plass
Humbar

Scenic view on my way for a beer :sunglasses:

8 Likes

Tøft dette. Melder meg som fast virtuell følger og ser fram til fortsettelsen.

Nye plasser i dag:
Vinmonopolet Raufoss - sterkøl frå Grimaas
Coop Mega Raufoss - alt av 4,7% øl frå Grimaas
Land Mikrobryggeri Tsjoch - bare å ta kontakt, han eller sønnen åpner på kort varsel. 11 nye øl!!!
Coop Extra Kullerud - kjøpmann med ekstra interesse for øl. Beste utvalg i Gjøvik. C.C. Mat på Gjøvik legg eg ikkje ut på RB, godt men ordinært utvalg, som ein Meny-butikk, men langt unna Coop Extra rett utanfor sentrum.
Vinmonopolet Gjøvik - tick…
Vinmonopolet Ringebu - tick…
Coop Mega Ringebu - Hylle for lokale spesialøl, godt utvalg frå Lom, Hubertus, Røros og Tonga
Vinmonopolet Vinstra - ok, øl frå Hubertus og Lom (Ny!)
Coop Extra Vinstra - nok ein butikk med fantastisk utvalg av lokale øl
Quality Hotel Skifer - to tapp frå Hogna dessverre ute av drift

Eller var Vinmonopolet på Lillehammer eit hyggelig gjensyn, mange øl som aldri har vore i Rogaland og som ikkje kan bestillast. A must visit! Gulating på Lillehammer hadde og ein del nytt.
Herre, dette blei nok ein dyr dag med flust av nye norske øl i bilen. Mange som må leggast ut på RB. Den jobben får vente til neste veke når eg er i Lofoten.

Litt kvartærgeologi i all alkoholen :grimacing:

6 Likes

Imponerende innsats! Jeg venter med spenning på hvem som må hjelpe deg med å drikke opp alle disse nyhetene … Har vel en liten anelse allerede. Håper ølene ikke bare er nye, men også drikkbare. Kanskje vi kan håpe på at noen tilogmed er GODE?

Fantastisk planlagt og dokumentert! Gleder meg til fortsettelsen!!

Bilen er parkert og eg har gjort dei siste innkjøp i Trøndelag i dag. I morgon venter Fæby :grinning: Bilen har fått ytterligere slagside pga stadig nye øl. Har akkurat lessa inn 3 nye 4.7% øl fra Crave Cave Brewery. Om eg ikkje blir veldig tørst i Lofoten, så kan eg pushe vidare ei flaske til RB Tromsø og RB Rogaland :smiling_imp:. Blir ikkje så mange nye plasser i kveld, dei som eg mangler å besøke er stort sett uinteressante greier eller restauranter. Har ein bankers: Stammen Cafe som brygger eige øl, den tar eg møydommen på 17.30 etter avtale med establisementet :hugs:


Stammen økologisk, vegansk cafe med eige øl

Kan ikkje bare kjøpe øl for tusenvis til meg sjølv, blei eit par kilo søtt til familien (og meg…) Første ølstopp blei Trondheim Mikrobryggeri. God plass inne i dag :sunglasses:

Trondheim - the most scenic and historic city in Norway. And, great beer venues!

4 Likes

Nye plasser i går:
Vinmonopolet Melhus - har «alt» frå Hogna
Vinmonopolet Heimdal - tick…
Vinmonopolet City Syd - godt utvalg trønderske øl
Meny Moholt - godt utvalg trønderske øl
Vinmonopolet Valentinlyst - godt utvalg trønderske øl
Coop Mega Valentinlyst - godt utvalg trønderske øl
Vinmonopolet Lade - tick…
Gulating Cirkus - bra utvalg, men Gulating i sentrum er best
Tulla Fischer - tick…
Stammen - ny brewpub, say no more!
Diskoteket - greitt nok, ikkje meir
Good Omens - greitt nok, ikkje meir

Trondhjem Mikrobryggeri og Øx Tap Room må eg alltid innom, øl som ellers er vanskeleg å finne for ein Rogalending.

4 Likes

Ingen lang kjøredag men litt av ein dag! Ikkje så mange nye øl i bilen, men to nye bryggeri og dramatikk med kjøretøyet! Er innkvartert i Steinkjer og skal snart sjekke ut om byen verkeleg er ein ølørken. Eg har ingen store forhåpningar.
Starta dagen med litt plass ticking i Trondheim:
Vinmonopolet Nedre Elvehavn - greitt nok utvalg, eg kom for ei øl…
Meny Solsiden - fin avdeling med lokale øl, godt utvalg
Meny Lade - igjen eit godt utvalg lokalt øl, og den einaste eg har sett til no på turen som hadde alle lokale øl i kjøleskap!
Vinmonopolet Levanger - ikkje det store, men hadde alt av Inderøy Gårdsbryggeri.
Fæby Bryggeri - einaste plassen å få kjøpe med seg eller drikke øl frå Fæby! Var i kontakt pr SMS med bryggaren og hadde annonsert min ankomst i god tid. Flott pub med ei tapperekke som gjorde vondt å gå forbi. Må ha ei overnatting i Verdal neste gong!


Så dagens dramatikk: det eine framhjulet oppdaga eg mindre lekkasje frå i Trondheim dagen før. Planen var å sjå det ann og fylle på luft etter behov, passerer tross alt mange bensinstasjoner på vegen. Men, etter Fæby var det dramatisk flatt. Eg «blæs det godt opp» og kjørte rett til Steinkjer. Det meste innan dekkservice er stengt på lørdag, men var heldig på Circle K, hadde valget mellom å spørre ei pen, blond jente bak skranken eller ein godt vaksen mannleg taxisjåfør med bart. Lykketreff! Han ringte å sjekka ut og ga med ein adresse. Dekket var heilt flatt igjen, fylte på luft som akkurat holdt til 5 minutt kjøring. Fekk nytt dekk i løpet av eit kvarter. Kosta omtrent som eit av mine mange besøk på pol, Gulating eller god daglegvare.

Oh, hell og lykke! Full fres 20 minutt tilbake til Inderøy. Gulburet :grimacing: Mat og to «snitt» med øl. God mat, greie øl og fantastisk fin plass. God service og.

Rakk og ein tur innom Inderøy Gårdsbryggeri som ikkje er eit veldig nødvendig besøk, sidan alle øl er lette å finne i butikk eller på pol.

Trondheimsfjorden sett frå Inderøy Gårdsbryggeri.

Siste stopp blei Coop OBS Steinkjer - godt med lokale øl frå Inderøy, Klostergården, Frøya, Reins Kloster, litt frå Stolt og faktisk 4 øl frå Nordgården, som eg ikkje har sett før i Trøndelag.
Skriv gjerne ein kommentar, kven som helst og kva som helst, når du ser at eg har tre innlegg på rad. Eg kan ikkje skrive eit fjerde, det er ikkje lov på RB…

5 Likes

Fortsatt en imponerende roadtrip! God tur videre!

1 Like

Med alt det øllet han lesser inn i bilen er det ikke rart den havarerer.

1 Like

Herre!!! Steinkjer er ødemark ølmessig :skull::skull:
Bryne er litt mindre men har brewpub, craft-pub og to plasser til som alle gruser utvalget i Steinkjer. Ser ut til at folk her er nøgd med Brooklyn Lager, Dahls Pils og brennevin…

Går vel mest på karsk.

Eg går på rommet mitt snart…

Oops, var inne på feil tråd då eg la til dagens reisereportasje. Du finn fram om du er interessert :nerd_face:

Rapport frå Mo i Rana: (Les og Beer5000 sine plass ratinger frå Mo i Rana)
Mange knepp opp frå Steinkjer, som var ein øltragedie!
Onkel Oskar - fin engelsk pub med klassisk innredning i lær og mørkt tre. Romslig uteservering. Var tom for Raus IPA, men pytt, har to flasker i bilen! Ellers mest frå E. C. Dahls på tapp. Lite flaske av interesse. Ein roterende tapp frå Dahls sin Beta-serie.

No 3: byens beste ølplass etter mi meining. To tapp fra Raus og tre frå Austmann. Godt med bokser frå Bådin og Austmann. Pub og restaurant.

Saga Pub: hmmmmm, norske rednecks var nok innom denne søndagen. Lyst øl og sigaretter. Har «alt» av Mack Mikrobryggeri på flaske og fat. Stive priser på Mack Mikrobryggeri :imp: Ellers godt utvalg frå Kinn og Svalbard. Ellers mange «tøyse» cider på flaske og boks. Ingen lokal øl! Pizza restauranten rett ved har Raus frå tapp og Clarion Collection der eg bur, har alle flaskene til AS Norsk Gjærverk i baren!

Fekk ei ny norsk øl på kvar plass - Mo i Rana er godkjent!

2 Likes

Kult å se Gulburet igjen
Sjekker du ikke inn???

Sjekker aldri inn, holder å gå inn :grimacing:

Trodde du kjørte…

Mandag blei ein kort etappe til Bodø. Men, først innom Bunnpris på Mo for å raske med meg to ulike flasker frå Raus. Siste handel blei Vinmonopolet City Nord og Gulating i Bodø - blei jammen 4 nye øl her og :grimacing: 3 timar og 50 minutt med gynging og sjøsprøyt og så var eg framme i Lofoten, Sørvågen. Totalt verskifte, fra dagar med 25-30 grader til omlag 10 :cold_face: Totalt 1960km kjøring frå Bryne, via diverse omvegar.

Må nok vente ei veke eller to før fjelltur i 700-1000 meters høyde blir planlagt her nord. Har ikkje med ski…
Bilde frå Saltfjellet.

3 Likes

Satser på litt lokale gourmet oppdateringer framover. Lofotpils har lite nytt å by på og er eit middelmådig bryggeri etter mi meining. Men, salget av lyse øl går normalt godt under turistsesongen. Eg bidrar ikkje, med det lageret eg har i bilen :sunglasses:

Eit plass eg alltid handler, er Anitas Sjømat og på Vestvågøy er det to lokale ysteri som eg og bruker å ta turen innom. Dagens delikatesse er ein nyheit for meg: røykt torsk. Billegare enn røykt blåkveite som er ein av mine faste delikatesser.

3 Likes