RateBeer Forums

Mini-admin and his Norwegian roadtrip

Går vel mest på karsk.

Eg går på rommet mitt snart…

Oops, var inne på feil tråd då eg la til dagens reisereportasje. Du finn fram om du er interessert :nerd_face:

Rapport frå Mo i Rana: (Les og Beer5000 sine plass ratinger frå Mo i Rana)
Mange knepp opp frå Steinkjer, som var ein øltragedie!
Onkel Oskar - fin engelsk pub med klassisk innredning i lær og mørkt tre. Romslig uteservering. Var tom for Raus IPA, men pytt, har to flasker i bilen! Ellers mest frå E. C. Dahls på tapp. Lite flaske av interesse. Ein roterende tapp frå Dahls sin Beta-serie.

No 3: byens beste ølplass etter mi meining. To tapp fra Raus og tre frå Austmann. Godt med bokser frå Bådin og Austmann. Pub og restaurant.

Saga Pub: hmmmmm, norske rednecks var nok innom denne søndagen. Lyst øl og sigaretter. Har «alt» av Mack Mikrobryggeri på flaske og fat. Stive priser på Mack Mikrobryggeri :imp: Ellers godt utvalg frå Kinn og Svalbard. Ellers mange «tøyse» cider på flaske og boks. Ingen lokal øl! Pizza restauranten rett ved har Raus frå tapp og Clarion Collection der eg bur, har alle flaskene til AS Norsk Gjærverk i baren!

Fekk ei ny norsk øl på kvar plass - Mo i Rana er godkjent!

2 Likes

Kult å se Gulburet igjen
Sjekker du ikke inn???

Sjekker aldri inn, holder å gå inn :grimacing:

Trodde du kjørte…

Mandag blei ein kort etappe til Bodø. Men, først innom Bunnpris på Mo for å raske med meg to ulike flasker frå Raus. Siste handel blei Vinmonopolet City Nord og Gulating i Bodø - blei jammen 4 nye øl her og :grimacing: 3 timar og 50 minutt med gynging og sjøsprøyt og så var eg framme i Lofoten, Sørvågen. Totalt verskifte, fra dagar med 25-30 grader til omlag 10 :cold_face: Totalt 1960km kjøring frå Bryne, via diverse omvegar.

Må nok vente ei veke eller to før fjelltur i 700-1000 meters høyde blir planlagt her nord. Har ikkje med ski…
Bilde frå Saltfjellet.

3 Likes

Satser på litt lokale gourmet oppdateringer framover. Lofotpils har lite nytt å by på og er eit middelmådig bryggeri etter mi meining. Men, salget av lyse øl går normalt godt under turistsesongen. Eg bidrar ikkje, med det lageret eg har i bilen :sunglasses:

Eit plass eg alltid handler, er Anitas Sjømat og på Vestvågøy er det to lokale ysteri som eg og bruker å ta turen innom. Dagens delikatesse er ein nyheit for meg: røykt torsk. Billegare enn røykt blåkveite som er ein av mine faste delikatesser.

3 Likes

Lofotpils har jeg bare smakt 9 øl fra, og hvis man ser bort fra det grenseløst tåpelige navnet (for et bryggeri som brygger alle mulige slags øl, og slett ikke bare pils) så var der ihvertfall to som jeg likte meget godt, Fjell Stout og Flåklypa Spesial (sistnevnte står nå som “retired”). De andre var kanskje middelmådige, men ikke direkte dårlige, så det gjør ikke noe om noen flere øl derfra (som jeg ikke har smakt) blir med hjem til Jæren.

Er ellers overrasket over at røkt torsk er en nyhet for deg, det pleier de da ha i fiskediskene på Meny, Spar, Coop Mega og Obs! her sørpå også.

1 Like

Dette er ikkje røykt torsk som vi et som middagsmat sørpå og som må kokes. Dette er meir som røykelaks, bare at det er torsk. Godt som snacks eller til brødmat. Eller «kontorarbeid» med å legge til øl, bilete av øl, strekkoder og sette pris på flaskene. Må og få oversikt på kva eg kan bøtte ned aleine her i Lofoten og kva som skal bli med heim :grimacing: Held akkurat på med ciderflaskene.

2 Likes

Dei 3 frå Lindheim kjem på polet fredag

Snart fatlagret øl frå Lofotpils og :+1:

3 Likes

Skrapt og mala første strøk på omlag 28 meter gelender på rekkverket rundt terrassen. Dagens andre øl blei eit overraskande funn frå Åsa Landhandleri. Skål!

Flott utsikt i kveldssola er og ein bonus :sunglasses:
For dei som lurer: fjellet i bakgrunnen heiter Støvla og er på 824 moh. Har vore der to gonger aleine. Få turister går der pga at det er vanskeleg å finne vegen opp. Ingen merking. Lang tur er det og💪

2 Likes

Har då fått oversikt på alt eg har kjøpt med og konsumert på veg nordover sist veke. Fokuset var på norske øl og sider, men slumpa til konsum av 6 utlendinger(Danmark, Island, Italia og Serbia)
Oversikt over nye norske:
Austmann - 2
Brulandselva - 1
Bådin - 2
Crave Cave - 3
Disko - 2
Drum - 1
E.C.Dahls - 2
Fjellbryggeriet - 3
Fjord - 5
Fjordfolk - 1
Frøya - 4
Fæby - 2
Graff - 1
Grimaas - 5
Gulburet - 2
Hammerhead - 2
Harstad - 1
Hogna - 4
Hubertus - 2
Humbrygg - 5
Inderøy - 1
Kvernafossen - 1
Land Tsjoch - 11
Lervig - 1
Lillehammer - 2
Lindheim - 7 (4 sider)
Lom - 1
Karmaklubb - 1
Monkey Brew - 1
Nordgården - 1
Numedal - 3
Nøisom - 2
Polden - 1
NeRø - 3 (sider)
Raus - 3
Reins Kloster - 2
Rodebak - 3
Røros - 3
Raa - 1
Små Vesen - 2
Solumsmoen - 3
Stammen - 1
Stokkøy - 5
Stolt - 2
Tonga - 3
Trollbryggeriet - 1
Trondhjem Mikrobryggeri - 8
Wettre - 2
Øx - 3

Totalt: 121 norske øl og 7 sider, god start!

5 Likes

For all del.
Legg det ikke på ratebeer

2 Likes

Liten rapport frå Lofoten. Var innom vinmonopolet på Leknes i dag men der var det svært lite å finne frå ølslippet som var før helga. Blei likevel ei påskeøl frå Schouskjelleren og ein sterk porter frå Norumbryggeriet, av alle ting! På Bunnpris var det enno juleøl frå Polden Bryggeri og på Extra blei det og to nye øl frå nord. Ikkje den mest spennande fangsten men nye norske øl er alltid velkommen inn i min bil :sunglasses: På Vestvågøy er det to ysteri som eg tar turen innom kvart år. Top notch ost som må til i lag med godt (og middelmådig) øl. Prisen på osten er og som med ølet, i øvre prisklasse.


Lofoten Gårdsysteri, etablert av eit par frå Nederland. Utsalg og kafé.


Aaland Gård, ysteri som vi fekk omvisning på, urtehage og kafé

Avslutta med topp middag på ny plass på Leknes. «Digg» Min rett på bildet er tørrfisk, eg nekta å ete på Peppes Pizza…

3 Likes

…ikke pass heller?

1 Like

He, he, he, bare mitt ordinære pass er med i bilen i tilfelle kontroll i Finland. Og, mange av bryggeria på lista er det vanskelig å besøke: kun for grupper, må avtale besøk på førehand eller åpent ein fredag/lørdag i mnd. Og, er det ikkje direkte salg rett frå bryggeriet er det lite vits å kjøre innom. Har riktignok besøkt mange av desse bryggeria før og ein god del på denne turen.

Rapport frå Lofoten. I går var vêret ustabilt heilt til kvelden kom. Klokka 20.00 hadde eg valget mellom å fortsatt sitte inne og hive meg over eskene med norsk craft beer, eller få den late middelaldrende ræva ut ein tur. Resultatet ser du under. (Det blei ei ny Lindheim rundt midnatt :sunglasses:)

Utsikt frå Flakstadtinden og Ramberg sett frå E10. Omlag 30 minutt kjøring frå Sørvågen der eg held til.

4 Likes




Add To RateBeer

Add A Beer
Add A Brewer
Add A Place
Add An Event


Manage Your Account

Add Premium
Edit Profile
Messages
Sign out

RateBeer Newsletter

Subscribe to our newsletter, RateBeer Weekly, a must for understanding new people, places and beers in worldwide craft culture.


Stay Connected


2000- 2017 © RateBeer, LLC. All Rights Reserved. Privacy Policy | Terms of Service