Mini-admin on tour 2023 🚙✈️

Årets første øltur blei biltur til Hamburg i lag med Untappd-Eirik. Starta frå Bryne tirsdag 28.februar 04.00. Ferge frå Kristiansand til Hirtshals, gjennom Danmark utan stopp og klar for Hamburg! Hotell i Feldstrasse som er midt mellom St. Pauli og Sternschanze, dei to bydelane der dei fleste craft beer barer ligg. Vi kom ikkje gjennom heile det planlagte programmet pga to årsaker; eit problem er at «våre» puber åpner først 17.00 og det blir då vanskeleg å rekke over alt, sjølv på to kvelder. Og, vi hadde det for kjekt og brukte for lang tid på særleg desse tre plassane:
Braustättchen am Fischmarkt - ølbutikk med 4 øl på tapp og godt utvalg i hyller og kjøleskap. Topp service og gode samtaler! Han henta fram eit par «Limited» eisbock frå kjellaren, kun for VIP kunder :sunglasses:
Beyond Beer Hamburg - ølbutikk med 5 øl frå tapp. Topp service og godt utvalg i hyllene igjen! På veg tilbake mot hotellet er eg redd vi pådro oss varige belastningsskader på skjelett og muskulatur pga kraftig overvekt i bærenetta :face_with_spiral_eyes:
Omnipollo - greitt utvalg på tapp og i kjøleskap, men her blei vi invitert med i ei privat Untappd ølsmaking. Baren tillater at gjestene hadde med eigne øl og tre glade Untappd entusiaster trong hjelp til konsumet. Eit slikt tilbud takka vi sjølvsagt ja til!
Siste kveld, torsdag i Aalborg, var mest for å ha kort veg til ferga som gjekk frå DK klokka 12.15. Ein tur på den einaste topp notch baren i byen er obligatorisk. Basement Beer Bar skuffer aldri. Flust med godsaker på tapp. Vi stod ellers over ølhandel i DK, det er rett og slett blitt for dyrt. Vi hadde uansett over 20 liter kvar i bilen.

6 Likes


Flaktårn frå krigen under ombygging. Låg rett ved hotellet vårt. Kanskje kan vi overnatte der neste gang?

Klassisk tysk ølhall ved havnefronten. Solid husmannskost.

Pissepause og beinstrekk på det høgaste punktet i Danmark. Ein kort fjelltur!

Basement Beer Bar i Aalborg

3 Likes




3 Likes

Antar dere gled in blandt gjestene.

1 Like

1524 km + Color Line :money_with_wings: :money_with_wings:

1 Like

Lekkert
Men treffer dere UT folk???
Nei nå…

Største UT brukere vi møter på er vel Cunningham.

Sperrer kontoen din Nils…


Full rulle i Tigerstaden😎

1 Like

Da er alt av overnatting tur-retur Lofoten 2023 i boks.
20-21.juli: Trysil og Trysil Hotell
21-22.juli: Trondheim og Thon Hotel Nidaros
22-23.juli: Bodø og Thon Partner Hotel Skagen

Ei god veke i Lofoten og så sørover igjen:
31/7-1.august: Lierne og Tåssås-Øl
1-4.august: Trondheim og Scandic Bakklandet
4-5.august: Drammen og Clarion Collection Hotel Tollboden

Blir stramt program nordover. Starter grytidleg frå Bryne for å kome meg til Trysil. Kjører så forbi Røros men har bare tid til å strekke på beina. Prioriterer nok ein avstikker innom Systembolaget rett over grensa, før det blir Selbu (nerdestopp) og Trondheim. Ein kort bytur i Bodø før ferga neste morgon. Sørover blir det ei enkel overnatting i Lierne som eg ser fram til! Etter det må eg vente litt i Trondheim for å få med ølfestivalen som starter på torsdag. Vel, det er nok å gjere i byen. Har eit par museumsbesøk på planen og øl er det alltid mulig å finne!

2 Likes

Den harde kjerne i Bryne Fråhaldslag tok turen inn til Jelsa i Ryfylke for å handle sider frå nytt sideri; Fuglestein Fruktgard. Veldig hyggelig plass! Skikkelig småskala nå i starten, men det ser ut som om dei satser større framover. Vi dumpa tilfeldigvis innom Jelsa-dagen eller noko slikt. Heile bygda var ute i finveret og på hotellet var det stor aktivitet. For anledningen (?) hadde dei sider-planke frå både Eiane og Fuglestein. Ellers er Jelsa Hotel ein sikker plass å finne øl på tapp frå Mo Laksegard. Vel verdt eit besøk altså! Mest for ølticking av obskurt bryggeri, ølet var heller middelmådig og mannen i baren hadde ingen aning om ølnavn, ølstil, eller alkoholprosent! Slik info hadde dei ikkje fått av bryggaren :scream: Han viste bare at det var ein ny batch med litt maltrik og brun øl. Eg har sendt sms til bryggaren og venter på svar… På veien inn til Jelsa er det lett å kombinere med stopp på Apal, OmCider, Buhagen og Eiane. Sistnevnte kan i dag friste med ein ny issider. På veg ned den smale og bratte grusvegen frå Eiane møtte vi på Sigmund som var på veg opp. Eg har litt større bil og tyngdekrafta nedover mot fjorden var på mi side så Sigmund måtte foreta ei hasardiøs rygging ned til riksvegen :sunglasses: Vår siste stopp blei Lilland der vi fekk kjøpt med to nye sider. Ein kjekk men litt kostbar tur pga 30 mil tur retur, tunnel 171kr x 2 og ein kort fergetur tur retur Hjelmeland-Nesvik. Underteikna måtte og kjøpe med fleire nye eplemost!

2 Likes

Fuglestein Fruktgard



Jelsa Hotell



1 Like

For meg ble det altså 2 nye cidere fra Eiane (en dyr is-sider og en normalt priset tørr sider), ikke smakt ennå. Årets utgave der av siderne fra i fjor har nå fått en noe høyere alkoholprosent (men neppe så mye at det krever en egen oppføring) og høyere pris…

Og selvsagt kjøpte jeg alle de tre siderne fra Fuglestein, to av dem er stille (ikke smakt ennå) og en knallgod og knastørr (brut) pet-nat sider. Innkjøp til Holmen1 ble også foretatt der.

2 veker på Gran Canaria! Slappe av? Neida, eg held ut maks 5 minutt på solsenga :scream: I vatnet kan eg godt flyte rundt litt lengre. Men, kvar ettermiddag og kveld til no har gått med til å registrere nye øl og sider (for min eigen del) Veldig mange øl mangler bilete, I fix. Mykje surr og anna rols under mange spanske bryggerier som eg konsumerer, I fix. Nye øl, nye sider, nye bryggerier og nye siderier er og lagt til :grinning: Dagane går faktisk fort av garde! Beste bryggeri på Gran Canaria? Galotia, utan tvil.

2 Likes

Leigebil er nødvendig om ein vil utforske øya. (Vel, har du god tid kan du ta lokal buss) Valleseco er siderhovudstaden på Gran Canaria. Her popper det stadig opp nye, små siderier. Mange har stort sett bare lokal distribusjon. Det lokale “bondens marked” og Spar-butikken hadde ein del flasker. Mykje var alt utsolgt i juli.



3 Likes

Det er i desse dager bare tre craft bryggerier på Gran Canaria. (Tenerife har ein del fleire) Viva (crap), Jaira (ganske bra) og Galotia (best!) Eg har vore innom alle i år og.
Bilete fra Galotia:


2 Likes

Biltur med familien rundt heile øya i dag. Ingen øl men besøk på vingård med produksjon av kaffe i Agaete. Ellers flust med bananplantasjer. Mykje betre enn “makrobananane” frå Mellom-Amerika!




3 Likes

Vel, det blei ingen fjelltur på Gran Canaria denne gangen. Planen var klar og lette fjellsko var medbrakt. Men, det klaffa dårleg med dei dagane eg hadde leigebil og ditto hetebølge :sweat: Over 30 grader er for varmt for ein bleikfis frå nord med tanke på røffe stigningar og turar på eit par timar. Heldigvis har eg overkommeleg plan som reserve! Småpene 3 km frå min “hacienda” venter dette kjøleskapet :grin:

1 Like


(Restaurante Miramar Yumbo)
Eller dette:


(B2 Burgerbar)

1 Like

To veker i varmen går nå mot slutten. Det viktigaste som gjenstår er å få konsumert ølet som er i kjøleskapet. På fredag hadde eg den siste utflukta for denne gongen på Gran Canaria. Las Palmas - ein flott by! Enkelt å nå med buss frå dei glovarme turistområda lenger sør. Men, byen er langstrakt og eit todelt besøk må til. Hovedbusstasjonen er i gamlebyen i sør. Her er det flott arkitektur, ei lang gågate, Santa Ana katedralen frå 1570, Columbus-huset og eit par gode ølbarer.

1 Like