Mini-admin on tour 2023 🚙✈️


La Brava

Santa Ana Katedralen

Casa de Colón



Cerveceria Canarias Brew

1 Like

Frå hovedbusstasjonen “Estacion de Guaguas” tar eg vanlegvis buss nr 1 til den nordre delen av byen. Returen er alltid taxi og så buss tilbake til Maspalomas og 15 minutt gange til hotellet.


Eg må som regel alltid innom Mercado del Puerto for litt snacks :grinning:

Utsikta frå Las Buenas Pulgas er det klasse over!

Over tre km lang strandpromenade langs Playa de Las Canteras


Min faste base: Palm Oasis. I år hadde vi leiligheita i midten, tredje etasje til høgre.

1 Like

Første dag nordover er da unnagjort. 678 km til Trysil. Har vore innom Lindheim (det blei dyrt….), Lien Gård, NeRø, Alfaset gravlund og dei tyske krigsgravene, Elverum VP og Meny, Trysil VP og Mega+tre puber. Trysil Bryggeri utvider og samler all produksjon i eit rom på Trysil Hotell. Ingen stempel til bryggeripasset å få i baren… Sløver nå på hotellrommet etter eminent sikburger og eit par øl





2 Likes

Å jakte på stempel til bryggeripasset om sommeren er ikkje lett, @cunningham. På Røros Bryggeri måtte eg alliere meg med lokalt transportfirma veg-i-vegg for å få stempel. Austmann og E.C.Dahls har sommerstengt :scream: Men, eg fekk handla godt over 30 lokale øl på Systembolaget Funäsdalen!

1 Like

Systembolaget Funäsdalen er en grei butikk å ha i nabolaget.
finner som regel noe nytt når jeg er der.

Regner med at jeg treffer deg i Tronheim på torsdag ??

Ta kontakt så kan vi dele en det øl der.

2 Likes

Det må vi få til! Eg er i Trondheim frå tirsdag kveld til eg kjører sørover fredag morgen.

1 Like

Ølmenyen, ikke bare bryggeriene, under Bryggerifestivalen, se her:
https://www.matriketmidt.no/bryggerifestivalen/meny

1 Like

Mandag 31.juli:
Etter fergeturen frå Lofoten blei det ein kjapp tur innom Bådin og Gulating Bodø. Neste skikkelige beinstrekk blei Vinmonopolet i Mosjøen der ein ny boks frå Raus venta på meg. Var og innom Gulating i same kjøpesenter. Den butikken har neppe lenge igjen, lite øl i hyllene. Dagens hovudmål og overnatting var avtalt på Totsås i Lierne. Eg hadde ei stor hytte aleine! Etter at bryggaren hadde «sjekka meg inn» og solgt flaskeøl til meg frå puben på Sørsetra, var eg aleine resten av kvelden der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Kilometervis med grusveg og bomavgift på 60 kroner for å kome fram! På denne avsides plassen blir det avholdt ein rocke festival kvar sommar, Totsås Rock. Det kom vist alltid ein gjeng heavy rockere frå Halden opp hit. @cunningham?
Alt av øl som var tilgjengelig var i polstyrke så det blei ingen storhandel for take away. Men, eg fekk kjøpt alt av flasker under dekke av konsum på hytta. Eg opna ikkje alle….

4 Likes






Baren på Sørsetra, plassen der Totsås Rock blir avholdt. Sjølve brygginga skjer på garden der bryggaren bur.

Tirsdag 1.august:
Fekk endeleg sett Bølareinen


Neste stopp var Vinmonopolet i Steinkjer. Der viste eg at det var fleire øl å handle inn. Øl som ellers er på svært få pol. Var og innom Gulating og der var det like trist som i Mosjøen :scream: Ta vekk Berentsens øl, chili sauser og tonic water og det var fint lite igjen i butikken! Var innom Gulburet bare for å finne ut at brygginga er lagt i dvale. Bryggaren er pensjonert og det har ikkje blitt servert øl i 2023. Det er i dag uavklart med tanke på fortsatt ølbrygging. Litt nerding: bryggeripass-stempel på Inderøy og Fæby :nerd_face: I Trondheim blei det på kvelden obligatoriske besøk på Habitat, ØX og Den Gode Nabo. Flotta meg med fiskemiddag og øl på Britannia :money_with_wings:



Den Gode Nabo

2 Likes

Onsdag 2.august:
Ølmessig ein roleg dag, planen var kultur og historie. Var innom Justismuseet, Jødisk Museum, Munkholmen og den jødiske delen av Lademoen kirkegård. Litt øl blei det og tid til: The Crab, E.C.Dahls, Sot & Sabrura på Torvet og klassikeren Moskus til slutt. Restauranten The Crab er interessant for her får du tre flaskeøl frå Ansnes. Dette bryggeriet er ellers bare å få på Ansnes Brygger på Hitra. Saken er at The Crab er eigd av Ansnes. Topp sjømat!
Kan ellers melde at Selma Pizza & Bar er historie.

1 Like


Om Rinnan og «Bandeklosteret» på Justismuseet

Tora rullane i synagogen

Synagogen som er ein del av Jødisk Museum

Munkholmen

2 Likes

Torsdag 3.august:
Heile dagen gjekk med til Bryggeri Festivalen og Trøndersk Matfestival. Eit veldig bra arrangement! Masser av spennande lokalmat og fullt trøkk i ølteltet frå 11.00 og ut dagen. For min del blei det med den eine dagen. Bergstaden har satt av to dager og Rune kjører full pakke med tre dager! Vi treff ellers på KnutAlbert som jobba som frivillig på Rodebak sin stand.

2 Likes


Moderat med kø ved oppstart 11.00

Glass og bonger er handla inn. 1 Oi kosta 40 kroner og dei fleste øl var prisa til 1 Oi. Sterke og eksklusive øl var av og til prisa til 2 Oi. Stort sett fekk vi 15 cl i glasset.

Rune, Bergstaden (Erik) og KnutAlbert

1 Like


3 Likes

Fredag 4.august:
Eg skal innrømme at det svir litt at Rune og Bergstaden kan nyte Bryggerifestivalen i Trondheim i dag og :disappointed_relieved: Men, eg måtte sørover for å slippe ein kjøredag på søndag. Hater den dagen! Første stopp var Oppdal, bare for å bekrefte at den lille Gulating avdelinga som er ein del av Smak & Behag fortsatt er i live. Lite øl i hyllene, men plassen lever godt på lokalmat, bakeri og cafe. Tok så ein fantastisk liten omveg via Folldal og Venabygdfjellet. Kikka innom gruvene i Folldal og hadde eit stopp på Sollia Krigshistoriske museum. Coop Extra Ringebu hadde eit godt utvalg av øl frå Lomb, Lillehammer, Leifur, Hogna og Grimaas - verdt eit besøk! Neste stopp var Vinmonopolet på Lillehammer som alltid er verdt eit besøk. Var og innom Lillehammer Bryggeri. Så blei det direkte til hotellet i Drammen. Målet var å besøket Skur 4, Rekord Bar og Brygg Drammen. And, so I did! Litt langt å gå men hadde ikkje vondt av det etter mange timar i bilen :grin:

2 Likes


Folldal gruver med utsikt mot Rondane

Sohlbergplasen med utsikt mot Rondane. Eg såg faktisk maleriet med dette motivet på Nasjonalmuseet i Oslo tidlegare i år.

Litt av utstillinga på Sollia Krigshistoriske museum, eigaren hadde ei informativ og personleg omvising. Anbefaler eit besøk!

Venabygdsfjellet

2 Likes

Litt motiv frå Drammen



Eg unna meg nr 5 og 12


Totalt blei det litt over 5 km gange. Eg hadde godt av det! Hadde venta litt meir liv i Drammen ein fredag mellom 21.30 og 23.00?

2 Likes