Norske bryggerier 🇳🇴

Søndag og ingen øldestinasjoner til no. Fekk endeleg tid til å kjøre «Villmarksveien» som går meir eller mindre parallellt med E6 mellom Majavatn og Korgen. Fantastisk veg! Topp avveksling frå den meir einsformige E6.

Sikkert lett å forstå kva for eit bilete som har gitt bygda Hattfjelldal det norske namnet :thinking:

Mo i Rana har dei einaste inntakte russergravene frå 2.verdskrig. Resten blei flytta til Tjøtta under «Operasjon Asfalt» Folk på Mo hindra dette arbeidet!

Blir snart ein liten tur ut for å sjekke ut Mo i Rana sentrum. Kjem nok til å oppdatere dette innlegget litt seinare i kveld. Og, det blir færre reisereportasjar framover. Frå i mårå av er eg i Lofoten i omlag to veker. Men, blir nok eit par innlegg før neste ølrally, som blir i Tromsø 15.juli

4 Likes