Njaaa, eg har overnatta der to ganger og prøvd 12 ulike øl+2 alias
ja DU er mange
Odalsbryggeriet registrert som konkurs før jul i fjor
virker ikke sånn på nettsiden
prøvd å sende de meld
På side 1, langt nede.
Jahwohl da blir det retired der…
Like greit!
Og, der datt det inn ei røys med «nye» øl frå Odalen som vel aldri blir rated på RB…
https://www.ratebeer.com/brewers/mykle-mikrobryggeri/26773/
Dette bryggeriet avslutta ein gong hausten 2019.
https://grenda.no/gaute-har-kjopt-mykle-mikrobryggeri/
Ny eigar og nytt bryggeri etterkvart, men det kan sjå ut som om første Batch blir eit Mykle-øl…
Gaute Vaage har underteikna avtale om å kjøpa Mykle Mikrobryggeri AS, og skal flytta bryggjeriutstyret til Våge i løpet av første halvår.
43-åringen har lenge vore ein ølhund med ølbrygging som hobby, og opp gjennom åra har han til saman laga rundt 150 ulike ølvariantar. Men snart går han vekk frå små volum rundt 25 til 50 liter.
– 1. februar skal eg bryggja 500 liter øl, men det blir i lokala til Reinhard og Margit Lund-Mikkelson i Omvikdalen. Og det vil skje i lag med dei for å læra å bruka utstyret, fortel Vaage.
Dermed blir det eit Mykle-brygg, nærare bestemt ein pale ale som skal i sal, fortel Vaage.
– Korleis kom kjøpet i stand?
– Eg høyrde rykte om at Reinhard og Margit Lund-Mikkelson ville gi seg, så då kontakta eg dei. Etter det har det vore ein prosess over nokre månader.
– Og prisen?
– Den er hemmeleg.
Vaage forklarar at hovudingrediensen i kjøpet er ein 500 liter stor bryggjetank, eller bryggjemaskin. Produksjonen er for flasker og fat. Dermed kan ein selja både via butikk og pubar/restaurantar med tappekran.
I løpet av første halvår skal han laga til bryggjerilokale i Våge, og når det er klart kan bryggjeriutstyret flyttast frå Omvikdalen til Sunde.
Vaage har full jobb ved økonomiavdelinga til Hydro Husnes, så brygginga blir ei binæring heime på garden i Våge. Der er det elles juletreproduksjon og skog som er næring, så i løa er det fleire ledige lokale.
– Men det må ombygging til, og det må gjerast før me kan flytta utstyret, fortel Vaage.
På sikt ser han for seg ølutsal, sal av ølsett for heimebryggjarar, og kanskje også laga til ein bryggjeripub på garden.
– Eg burde sikkert gjennomført ei marknadsundersøking før eg gav meg ut på dette her, men det har eg ikkje gjort, ler Vaage.
– Så det er interessa for ølbrygging som driv deg?
– Ja, det er det, så eg må ta det litt som det kjem. Men eg synest Kvinnherad bør ha eit mikrobryggjeri, og eg håpar kvinnheringane vil støtta opp om produkta. Det er mange bryggjeri rundt om i landet no, og eg synest det bør vera råd å få tak i lokalt, godt øl her i kommunen.
– Og kva øl kjem du til å laga?
– Eg er glad i lyst øl med mykje humlesmak, men eg kjem til å laga andre typar òg.
– Har du noko namn på det nye bryggjeriet?
– Nei, ikkje enno. Det må jo bli noko med lokal tilknyting her i Våge, eller Sunde-området elles, filosoferer Vaage.
Han er open for gode forslag, og i slekta har han forfattarar i fleire generasjonar til inspirasjon. Kanskje kan boktitlar som «Bylgja», «Gutane på Tedneholmen», «Dra meg opp» og «Kunsten å gå» vera aktuelle ølnamn?
Reinhard Lund-Mikkelson er glad for at ein lokal interessent vil utvikla bryggjeriet vidare.
– Det var akkurat ei slik lokal løysing vi har vore på jakt etter, og vi har brukt tid på dette. Vi såg det som heilt avgjerande at bryggjeriet blir overtatt av lokale krefter, og at det blir bygt vidare på same leisten.
Lund-Mikkelson opplyser at den formelle selskapsovertakinga var frå årsskiftet.
– Som Vaage har nemnt blir det ei opplæring – vi skal brygga nokre «batchar» i lag, seier Lund-Mikkelson.
– Har de nye planar for produksjonslokala?
– Ja, men det vil vi koma tilbake til, seier Lund-Mikkelson.
Nytt bryggeri på gang etter kvart ved Husnes då. Fann han som har overtatt som enkeltmannsforetak i Brønnøysundsregisteret, men ingenting om ølbrygging der i alle fall:
https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=999614477
https://www.ratebeer.com/brewers/northern-co-norbrew/24310/
Eg spør igjen, gjekk ikkje dette konkurs i 2018? @Inbreak Eg ser nylege ticks på UT på øl frå Northern. Blir dei brygga ein annan plass nå? Har nokon “kjøpt” merkevaren?
Og, heile Norbrew konsernet? Konkurs?
https://www.ratebeer.com/brewers/norbrew/29427/
Men, blir desse fortsatt brygga av Arendals? Desse har og nylege ticks på UT…
No skal vel begge desse vere vekk, men veit ikkje heilt kortid dei var endelig vekk. Northern vart brygga på Voss ei stund, så det forsvann vel kanskje i alle fall når Voss også gjakk konken. Men det kan jo fortsatt vere flasker og boksar i omløp, så det treng ikkje bety så masse.
Melding fra Bjørnafjorden Bryggeri, på deres facebookside:
“Hei folkens! Me har fått mange stygge knakkar i fleisen i år, me har vore kreative og optimistiske, og prøvd å stå han av og kome vidare mot der me vil. Det kjem derimot alltid ein ny knakk, og no heng me i taua. Handkledet er på veg inn, me legg ned bryggeriet i løpet av dei neste vekene. Tusen takk til de herlege folk som tydeleg har vist at de likte det me gjorde, skulle ynskje me kunne klone dykk i alle fall ein tigang. Dei som har tinga skjorter: desse er på veg, og er med eitt meir eksklusive enn me ville…glas er allereie på bryggeriet for dei som vil hente. Me har ope torsdag som vanleg, stikk gjerne innom og grin litt med oss.”.
Synd, men middelmådige øl for å vere heilt ærleg. Men, kunne tenkt å smakt eit par til…
https://www.ratebeer.com/beer/bjornafjorden-mjoderiet-svartbjorn/673857/
Denne er fortsatt å få på Cardinal - en braggot (mellomting mellom øl og mjød), i dette tilfellet en imperial stout med karamellisert honning. Med 15,8% er det ganske heftige saker (og søtt, selvsagt), men vel verdt å prøve. Kan bli siste sjanse.
…da var det slutt på Veholt også…
Vi selger gården og hvis kjøper vil, med bryggeri for en god pris. Uansett flytter vi etter nyttår og legger etter hvert ned driften av bryggeriet. Da skal jeg kose meg med hjemmebrygging i kjelleren igjen.
Fra Bergen Beer Blog
Får bare opp roboten når eg prøver å sette Veholt som retired 1.april 2020 som sluttdato?
Det er jo gammelt nytt at gården og bryggeriet er til salgs. Det interessante er om den er solgt nå - med eller uten bryggeriet?
Kan vi ikke bare vente litt med retired til vi vet om noen kjøpere vil fortsette?
Er Bjørnafjorden Bryggeri gått i grava? Kan vi sette 1.juli 2020 som dato for avvikling?
Nei, det ser ut som Bjørnafjorden Bryggeri har fått nytt pågangsmot, og fortsetter. Både facebooksiden og hjemmesiden deres er oppe og går. Ikke sett dem som “permanently closed” før vi evt. vet noe mer konkret.