Mini admin's Norwegian Roadtrip 2022 🚜

Mine øl- og siderstopp dag 1 nordover:
Meny Seljord - øl frå Lofthus (Telemark) Extra i Dalen hadde og den eine flaska
Lerkekåsa Vingård - ei ny flaske til veldig stiv pris!
Lien Gård - mange nye!
NeRø - to nye her og
VP Drammen CC - øl blei handla
Liertoppen - VP og Meny - ein uvanleg Disko på polet
Skedsmokorset - VP og Meny - mest for plassticks, men greitt med Norumbryggeriet på Meny
VP Stange - tick
Røhne Brygghus - mange nye flasker for min del i kjøleskapet, hyggelig plass
Gulating Ølutsalg Hamar - storhandel her og……
«Alt» av ratebare puber i Hamar om kvelden :grimacing:

Kulturstopp før Stange, Trandumskogen:




Øvingsbane for stridsvogn

1 Like

Dag 2 nordover:
VP Koppang - tick……
Stor-elgen


VP Melhus - pga ein boks frå Fæby
VP Trondheim Valentinlyst - veldig bra utvalg og lett tilgjengelig med bil så eg slepp å handle og drasse tungt i sentrum. Nye øl frå Stolt, Fæby og Hogna.
Nidar Bergene - bestilling frå familien og eg seier heller ikkje nei til latterlig billeg påskegodteri på fabrikkutsalget :kissing_heart:
Gulating Ølutsalg Sirkus Shopping - lett å lesse inn i bilen i p-huset
VP Sirkus Shopping - nytt polutsalg i byen
Etter parkering og innsjekk på Thon Hotel Nidaros blei det pub crawl med Untappd Jostein som ankom tidlegare på dagen med fly.
Øx Taproom er ein av mine «must visit» pga eigne øl bare tilgjengelig der. Kvaliteten er og akseptabel, mykje betre enn Trondhjem Mikrobryggeri som har veldig middelmådige øl.

2 Likes

Dag 3 på veg nordover.
Ingen lang kjøredag, målet var ein fergetur over Trondheimsfjorden og ein svipp innom Rissa. Ein så lenge må du hit for å få tak i øl frå Fosen Bryggeri. Bryggeriet har begrensa opningstider men alt av flasker står og i hylla på den lokale Coop Extra. Måtte og kikke innom Vinmonopolet Rissa. To kulturelle stopp blei det og mellom regnbygene: Reins Kloster og minnesmerket etter Rissa-raset.





Resten av ettermiddag og kveld blei vandring og pubbesøk i Trondheim. Sommerstengt er noko som ikkje er vanleg i heimtraktene mine, men i Trondheim var både Moskus, Stammen, Austmann og E.C.Dahls sommerstengt :rage: Monkey Brew sitt utsalg var og stengt, akkurat denne helga!

2 Likes

Dag 4 på veg nordover:
Søndag er normalt ein trist dag for ein ølturist, men eg hadde ein avtale på Båsdalsvollen Seter i Snåsa :grinning: På vegen kjørte eg innom Munkeby kloster. Eg har sett dette severdighetsskiltet langs E6 utanfor Levanger mange ganger. Nå tok eg turen innom.




30 minutt bratt gange opp ein grusveg og du kjem til Båsdalvollen Seter. Kan kjøre heilt opp etter avtale om du har 4-hjulstrekk. Ellers er parkeringa nede rett ved E6. Ser skiltet «Båsdalvollen Seter» om du kikker etter langs hovudvegen. Bare åpent 4 veker kvar sommer, som er minimumskravet for å få økonomisk støtte til seterdrifta. I år åpent frå 26.juni til 19.juli, så skulle familien ha to veker ferie før skulestart. Ca 200 liter øl blir brygga til kvar sommer. Sjølve brygginga blir utført av ein heimebryggar på ein gard i Snåsa, men bare servert på setra. Ølbrygginga gjekk faktisk litt i minus, men trakk folk som kjøpte annan mat under besøket. Det har og blitt avholdt diverse kulturelle arrangement på setra, blant anna ein konsert nyleg. Utedass med innlagt kaldt vatn. Dei har servert øl på setra i 4 år. Veldig hyggelig vertskap og andre stamgjester under mitt besøk. Som å sitte i ei privat hytte! Øl (Bare ein boks i butikkstyrke!), møsbrømlefse, vafler, saft, heimelaga prim og fløtepudding :yum: Utsikt over Snåsavatnet, Grana Bryggeri er på andre sida av vatnet

Nyopna Sørsamisk Museum i Snåsa. Utstillingane var ikkje heilt ferdige enno, men vel verdt eit besøk.


Alltid hyggelig å kome til Grana Bryggeri. Thor Riseth er ein topp vert! Han ordner alt, ølservering, middag, frokost osv. Middagen denne ettermiddagen laga han til tre gjester pluss seg sjølv. Nydeleg reinskav med sopp, et til du blir mett! To store porsjoner på meg og tre halvlitere øl :hugs: Thor tar seg alltid tid til å snakke med gjestene og byr gjerne på smaksprøver av alle øl, som blir servert som 50 cl til 90 kroner. Tre rom og ein leilighet er det han tilbyr via Booking.com. Nytt av året er salg av flasker ut av bryggeriet.

2 Likes

Dag 5 og 6 på veg nordover.
Det blei ein planlagt omveg via Sverige på veg til Bodø. Kjørte via Hattfjelldal til Hemavan og så via Umbukta grenseovergang til Mo i Rana. På Systembolaget Hemavan var det full rulle med handleglade ranaværinger og ei ølturist frå Rogaland. Godt utvalg flasker frå Northern Brewers og litt frå Gårdsbryggeriet 65N og ei flaske issider frå Brännland Cider blei sjølvsagt den eine flaska av 21 i mi handlevogn. Det meste blir konsumert i Lofoten :grinning: Ellers er tørka kjøtt alltid noko eg kjøper med frå Sverige. I Bodø blei det stopp på VP City Nord, Gulating Ølutsalg og Bådin Bryggeri. Kalde bokser frå Bådin blei konsumert på hotellrommet. På byen blei det bare ein «Stærk Norlænning» og ei Guiness frå fat. Både Hundholmen Brygghus og Landlov (Tidlegare Gulating Pub) var stengt mandag :imp:
Tirsdag morgon blei det besøk på Norsk Luftfartsmuseum i Bodø. Vel verdt eit besøk! Etterpå var det fergetur over til Moskenes og Sørvågen.



Starfighter pilot for eit par minutt :sunglasses:

3 Likes

Litt risky å kjøre innom Sverige med den bagasjen vel?

Har kvittering på alt øl og sider kjøpt i Norge :grinning:

Hmmm… er det nok da? Men det gikk vel greit så samma kan det væra!

Skal svippe innom ødemarka i Sverige på mandag på veg heim. Får vurdere å fortolle alt for å vere sikker :grimacing::money_with_wings: Tollstasjonane her i nord er ikkje som på Svinesund og Kristiansand, med grønt eller rødt felt. Grenseovergangen ved Hattfjelldal hadde ingen bygninger!

Dagen i dag var av den sjeldne sorten; knall fint vêr :sunglasses: Det har eg sett lite av i år som i fjor her i Lofoten. Ser ut som om eg får kulde og regn på veg sørover og :cold_face: Men, det blei altså ein fjelltur, Guratinden nær Leknes på Vestvågøy.


Kald forfriskning frå Systembolaget Hemavan. Stygt rekkverk? Drit i det, heile terrassen skal rivast og byggjast opp igjen i haust av lokalt firma. Heile greia var skeivt og råttent.

4 Likes

Sto opp 05.15 og var ikkje i ølet før 19.20 i dag. Litt handel i Mo i Rana, VP og Bunnpris Gourmet + Gulating Ølutsalg Mosjøen. Øl konsumert på Campingen i Gäddede :sunglasses:
Bilder: Torghatten Nord slår til! Fugler eg har sett mange av langs vegen og Gäddede.




1 Like

Må ikkje gløyme heimturen! Har skrive litt om dag ein tidlegare men får ta det litt meir systematisk! Det var eit par minneverdige stopp denne dagen og.
Dag 1 på veg sørover.
Starta med fergetur over Vestfjorden 07.00. Kjørte kona og den minste dattera til flyplassen i Bodø, eit raskt besøk til krigsgravene på gravlunden rett ved flyplassen. Så blei “halve familien” sett av på City Nord i påvente av flyet sørover litt ut på dagen. Eg fekk med ei ny norsk øl frå Vinmonopolet og kjørte så direkte til Mo i Rana. Ei ny på polet og tre nye på Bunnpris Gourmet - bra butikk! Neste stopp var Gulating Ølutsalg Mosjøen, greitt utvalg men ikkje den største Gulating butikken. Kjørte så til Røyrvik (er nerd, har aldri vore der før!) Gud for ein øde plass! Lang frå alt og alt av butikker var stengt 18.00. Øde grenseovergang til Sverige og Gäddede over grensa har heller ikkje mykje å by på. Ei hovudgate med stort sett nedlagte butikklokaler. Men, Gäddede Camping & Stugby har om sommaren og hausten flasker frå Gäddede Källarbryggeri. Koselig pub på campingplassen og tre flasker frå Gäddede. Det litt stusselige hotellet rett ved og div pizza restauranter i “sentrum” har nok og litt flasker om sommaren.


Resepsjon, restaurant og pub på campingplassen. Det var knappe 10 grader og dermed tomt på uteserveringa! Eg hadde ei romslig hytte ca 50 meter unna.

2 Likes

Dag 2 på veg sørover.
Ny øde grenseovergang med null bebyggelse over til Lierne i Trøndelag. Stoppa på Liverten for frokost. Godt utvalg av lokalmat! Måtte ha den lokale spesialiteten LiBAB :yum: Reinskav og potetmos med tyttebær. Lokal drikke frå Tåssås, er usikker på om dei brygger øl lenger, trur eg må sende ein mail. Liverten hadde ikkje øl frå dei.



Neste stopp var Leksås Gårdsmat i Grong. Prøvde å få til eit besøk i fjor men fekk det til i år. Har nesten aldri åpent men familien bur på ein gard rett opp i bakken. Bryggaren sjølv åpna butikken for meg, ein hyggelig kar frå Lørenskog som har gifta seg til ein gard i Grong. Han brygger og kona styrer butikken. Alt av kjøtt frå garden tek dei i retur og foredler til all slags produkt som dei sel i butikken. 5 nye og ekslusive øl!
Vegen vidare gjekk via Gulating Ølutsalg i Steinkjer, Inderøy Gardsbryggeri - som hadde to heilt nye øl og alt av sider og mjød som eg mangla. Nice! Eg var og innom Inderøy Mosteri for litt kald eplemost. Neste år kjem dei kanskje med sider? Prøveproduksjonen i 2021 blei misslukka…

Neste stopp og siste stopp for handel blei Cidergården eit stykke opp i dalen frå Stjørdal. Var stengt denne dagen men avtale pr sms var gjort og fruen sjølv åpna opp så lenge eg var innafor polet sine åpningstider. Storhandel blei det og! Ehhhh, ei mjød og 12 flasker sider :moneybag: :moneybag: Uansett, veldig hyggelig plass å besøke. God service, som i fjor. Etterpå blei det kjøring direkte til Furuhaugli Turisthytte, der eit flott motel-rom venta. Her har det ikkje blitt brygga øl dei tre siste åra. Nye eigarar har overtatt, det har vore ombygging og pandemi. Planen var eit nytt øl til sommaren, men det blei det ingenting av. Men, til neste år lova eigaren! Brygghuset er under oppgradering og utviding, så øl blir det nok ein gong.

2 Likes

Dag 3 på veg sørover.
Ein variert dag med styrtregn, sol, tjukk skodde og temperatur mellom 8 og 21 grader! To pol ticks: Beitostølen og Fagernes. Hyggelig besøk på Små Vesen, og mitt fjerde og siste stempel i bryggeripasset denne sommaren. Stoppa på Spar Gol for å handle øl frå Gøtt Mikrobryggeri. Tok så ein omveg til Steinbergdalshytta for å prøve ølet som blir brygga der. Sjekka pr tlf at dei faktisk hadde øl før eg kjørte opp. Veldig koselig plass, nasjonalromantisk paradis med kyr, rosemaling og historie i veggane. Ein lengre stopp med ei lita øl og vafler. Skoa måtte av i yttergangen! Eg angra litt på at eg ikkje overnatta her. Eg overnatta på Geilo, som er ein kommersiell øl-ørken! Eg gadd ikkje gå ut av hotellrommet denne kvelden…


Hegge stavkirke, den eine av to eg var innom denne dagen.

Små Vesen - bryggeri, utsalg og flott pub!

Ohhh, ekslusiv øl på Steinbergdalshytta!

3 Likes

Dag 4 og siste etappe heim til Bryne.
Eg måtte ein tur innom Spar Geilo om morgonen. Veldig bra ølutvalg! Mykje betre enn Spar Gol. Fann jammen ei til frå Gøtt Mikrobryggeri. Neste stopp var Spar Kinsarvik som har litt lokal sider på 4.7% og øl frå Hardanger Handbryggeri. Ser ut som om karane i dette obskure bryggeriet har brygga litt meir i det siste, nå var ølet deira på Joker i Lofthus og. Eg var dessverre litt for tidleg i Lofthus så det blei ikkje handel på Lofthus Ekspedisjon. To nye sider vent nok på meg der… Ellers var eg i Hardanger tidlegare i vår og sopte med meg alt frå alle sideri på begge sider av fjorden. Siste handel var diverse ost, røykelaks og spekemat på den fantastiske plassen Åkrafjordtunet. Eg kikka raskt innom Fugl Fønix i Etne for å sjekke om det var nye øl å legge til på RB. Det var ei Blonde, men den fekk stå i fred. Det blei bilen og ferge over Boknafjorden og ein siste krampeaktige polhandel på Kvadrat før siste 25 minutt heim. Bilen var tungt lasta i år, som i fjor :grin:
Kjøring:
Nordover: 1967km
Lokalt i Lofoten: 666km (Herre…)
Sørover: 1950km
Altså, billeg moro!

3 Likes


Akkurat nå :grimacing:

1 Like