Bryne on tour 2024 🚙

Nytt Är og ny trÄd for Ä dele opplevingar frÄ Þl- og sider utflukter i det herrens Är 2024.
Årets fĂžrste utflukt blei over Boknafjorden til FĂžrde i Hordaland eller meir eksakt Ålfjordvegen 783 der eit lite sideri heldt til. Denne har gĂ„tt under radaren! Starta med salg seint pĂ„ hausten 2022. Blir knapt nok markedsfĂžrt, er nok bare naboer og andre i Sveio kommune som har handla sider her. Navnet er Oa Mikrosideri. Han som lager sideren bur med familien i Oslo. Det er mora som stĂ„r for salget heime pĂ„ garden pĂ„ Oa ved Ålfjorden. Bare Ă„ ta kontakt Ă„ avtale handel! (SMS er nok enklast, ho hĂžyrer litt dĂ„rleg) Ein sider for salg og ein dessertvin. Veldig hyggeleg besĂžk. Kona og dattera mi venta i bilen i minus 12 grader :cold_face:



I det lille rÞde «skuret» blir sideren laga og lagra. Rommet gÄr innover under grusvegen og er eigentleg ein jordkjeller.
PĂ„ garden er det meir bringebĂŠrplanter enn epletre. Men, fleire epletre er planta i 2023.

5 Likes

Det blei i dag utfĂžrt ein spontan tur til Hjelmeland saman med halvparten av min husstand. Fin tur i ikkje fullt sĂ„ fint vĂȘr. Det som lokka var to nye issider!
Apal Sideri har flust med flasker “SnĂžkvit” men mangler enn sĂ„ lenge etikett pĂ„ flaska. Denne kjem kanskje pĂ„ polet fĂžr sommaren, blei eg fortald. “Svaggen” har nĂ„ fĂ„tt ny etikett og nytt namn; “Eris”
“Snþkvit” har tidlegare vore lansert som “Frost”

PĂ„ OmCider hadde dei og ein issider, den kjem ikkje pĂ„ polet dette Ă„ret. “FlĂžrt” mĂ„ vi vente litt pĂ„, utsolgt pĂ„ flasker og dei venter pĂ„ eit filter som mĂ„ til for Ă„ fĂ„ tappa resten av den ferdige sideren pĂ„ flasker. Dette er ein sider med moreller. “Odel” er litt lik “Fevoll” men er Ă„ rekne som ny sider, som Sigmund fĂžr har pĂ„peika.

Eg var og ein tur innom “Smaken av Ryfylke” som er ein restaurant pĂ„ hotellet i Hjelmeland. Her blir det brygga og servert Ăžl. Her er det normalt veldig stille i vintersesongen. Ingen Ăžl tilgjengeleg, men eg fekk vite at nye, lokalt brygga Ăžl var klar om ca 5 veker. Gunnar har hĂžyrt frĂ„ ein besĂžkande gjest at Ăžla var i beste fall som middelmĂ„dige heimebrygg. Men, eg venter likevel i spenning med Ă„pent sinn!

Ein kort stopp pÄ Tau for Ä sjekke ut Lilland Hotell, bare for Ä finne ut det som eg rekna med: lÄst dÞr. Her skjer det veldig lite i vintersesongen!

1 Like

Jeg kom deg i forkjĂžpet hos OmCider, og fikk sikra meg den siste (i denne omgang) flaska med FlĂžrt. Grei nok den, men kanskje best til mat.

Great ! Thanks for sharing

Jeg var ogsÄ innom pÄ torsdag, og de hadde i hvert fall greid Ä fÄ opp plakat med Äpningstider, men siden det var nesten 2 timer til de Äpnet, gadd jeg ikke Ä vente - og bra var det, siden de ikke kunne by pÄ egne Þl.

NÄr det gjelder Ryfylke Fjordhotell pÄ Sand (i Suldal kommune), som muligens har egen siderproduksjon, kan opplyses at hotellet nÄ er lagt ut for salg, med en prisantydning pÄ 55 millioner NOK. En passe investering for Bryne?

Øl og bilkjÞring er ein heller dÄrleg kombinasjon. SÄ nÄr Untappd Jostein ville ut pÄ ein retro rÄnetur pÄ lÞrdag og til og med Þnska Ä vere edru sjÄfÞr, var det lett Ä takke ja til invitasjonen. Han plukka opp meg og Nils og fÞrste stopp pÄ turen blei Melkebaren pÄ Sandnes. Ein planke glei fint ned i sola pÄ uteserveringa.
Melkebaren ‱ RateBeer
PÄ turen vidare nordover fekk Gunnar eit tilbud om Ä bli plukka opp pÄ 5 minutts varsel. Han takka nei :thinking: Neste stopp var Salikatt Taproom.
Salikatt Taproom ‱ RateBeer
Flott plass med godtĂžl og god service. To nye Ăžl frĂ„ Salikatt for meg og Nils: Salikatt Skamnaise Simcoe og Salikatt Seabed Sipper. SjĂ„fĂžren vĂ„r “kosa” seg med alkoholfri fruktdrikke fra Safteriet. Han fekk og ei gratis T-skjorte mot at Salikatt fekk biletet av bilen vĂ„r utanfor bryggeriet. Ein staseleg Volvo 144 frĂ„ 1969. Fargane passa perfekt saman!




Fra Salikatt er det ikkje veldig langt til Øst. Ikkje flust med nyer Þl pÄ tapp akkurat denne dagen men alltid hyggeleg Ä stikke innom Þstre bydel i Stavanger.
ØST ‱ RateBeer

Eg tok ein telefon til Jan Magnus (Holmen1) og fekk audiens heime pÄ BjÞrnÞy etter ein kort kjÞretur over bybrua og vidare til eit av dei meir kondisjonerte boomrÄda i Stavanger. Her fekk vi servert dagens beste Þl; to varianter heimebrygga Black IPA. Snop! :kissing_heart:

Det var snart mÞrkt men vi mÄtte ein tur innom Levig Local fÞr vi rulla heimover igjen.
Lervig Local ‱ RateBeer
Som forventa blei det eit par nye Þl fra Lervig, men eg skulle Þnske at det var fleire Þl frÄ Lervig Local tilgjengeleg. Bare ein er litt lite for ein brewpub.
Lervig Local Mike Czech ‱ RateBeer


PÄ veg tilbake blei det beslutta Ä jafse innpÄ litt sein kveldsmat og dÄ mÄtte det bli Kebaben Sandnes. Beste kebab i distriktet ifÞlge Nils. Kan ikkje bekrefte den pÄstanden men godt, grapsete og sikkert eit udelikat syn nÄr vi slafsa innpÄ utanfor Kebaben pÄ fortauet :joy: :crazy_face:
Siste pit stop pÄ vegen blei den obskure bygdepuben pÄ Kvernaland, Annige Bar.
Annige Bar ‱ RateBeer
Utvalget var dÄrlegare enn under sist besÞk for litt over 3 Är sidan. OrdinÊre Þl pÄ tapp og ingenting av interesse i kjÞleskapet. Det blei ein boks Guinness :face_with_spiral_eyes:

2 Likes

Hyggelig lesning og flotte bilder. Benytter anledningen til Ă„ gratulere med den aller fĂžrste rating av noe annet enn plasser. Dermed er du trolig igang etter mange oppfordringer. :champagne:

Det blir ei del klikk innom RB stort sett kvar dag. Har opp gjennom Ă„ra klart Ă„ feilklikke inn ein god del ticks


Kurs med fagforeininga i Stavanger og i pausen blei det besÞk pÄ nytt bryggeri/taproom midt i Stavanger sentrum. Sideren var tom og neppe pÄ plass igjen fÞr seint i haust. Det blei ein svak summetone i skolten sidan planken er pÄ 5x27 cl :partying_face:



4 Likes

JĂžss - dette stedet hadde jeg ikke hĂžrt om en gang!