Bryne on tour 2024 🚙

Virker heilt tip top med den nyaste iPhone :sunglasses::money_with_wings::money_with_wings:

Umulig å legge inn nye “Places” for oss alminnelige dødelige nå, også fra PC. Blir først nektet adgang, bruker så det gamle trikset med å logge ut, og så logge inn igjen utallige ganger, helt til jeg får registreringsadgang - men når jeg da forsøker å registrere, får jeg bare opp den forb… roboten. Skulle tro dette var en smal sak å fikse for en som er datateknisk kyndig - men det ser ikke lenger ut som det er noen på RB som bryr seg.

Opera har eg aldri fått logga inn med, men no fugerar ikkje Samsung Internet heller

Det er MANGE som ikke kan opprette places om dagen
Dessverre er det meste i forfall
Sukk…

Da er første dag på veg nordover unnagjort. Starta tidleg og første stopp var som avtalt på Hånes pendlerparkering 08.30 der Yngvar fekk overrakt ein pose med eple sider. Etter det blei det eit par plass-ticker stopp på ulike polutsalg og Meny butikker. Høgdepunktet var eit besøk på Disko Brewing i Lier. Fekk full omvisning og lang samtale om alt innen øl. Eit knippe nye butikkøl blei og handla inn, til veldig hyggelig pris! Var og innom Egge Gård og fekk handla litt av dei polske arbeidarane som åpna opp utsalget. Husbonden var på ferie. Ellers blei det ein tur innom middelalderkyrkja på Ramnes (valgkyrkje 1814), Grini, krigsgravene på Vestre Gravlund og den Jødiske kyrkjegården på Østre Gravlund. Så var det og gjort. Nå er det kontorarbeid på Thon Hotel Gardermoen - billig bonusovernatting. Tunet Bar & Bryggeri på Jessheim var stengt i dag……


Ramnes kirke fra 1100-tallet

Disko Brewing


Ny NEIPA snart klar for Vinmonopolet

Utsalget på Egge Gård

Grini museet

5 Likes

Dag 2 var mellom Gardermoen og Östersund. Første stopp var hekse-bygda Lillhärdal. Eit par ekstra bilete har blitt sendt til Rune :grinning: På veg til plassen for avrettinga kom eg i skade for å skremme livskiten av ein elg :sunglasses:

Første ølstopp blei Systembolaget i Sveg.

Lite lokalt å finne men nok av ticks. Utanfor var det lokalt marked og eg handla inn tørka kjøtt av elg, rein og bison (!) På torget var det og ein gave og interiørbutikk med folkøl fra det lokale bryggeriet Riverrose, eg må legge ut alle tre på RB! På Systembolaget Svenstavik var det overraskande godt utvalg av lokale øl. Her blei det storhandel! Før eg parkerte bilen blei det eit stopp på Systembolaget Lillänge rett utanfor Östersund sentrum. Storhandel igjen! Her blir det fortolling :money_with_wings: I sentrum har eg nå oppdatert med bilete av pubene og fekk besøkt tre nye; Sir Winston, klassisk engelsk pub, Artut, topp plass med god pizza og bare svenske mikrobrygg på fat og tilslutt Žižkov Bar & Bistro - ein veldig hyggeleg plass med godt utvalg. Ein liten storby men med fleire gode ølplasser!
Tre bilete fra Artut:




Tok kveld tidleg men måtte avslutte med denne:

3 Likes

Takk for bildene, særlig det første. Meget interessant! Must-visit plass for meg.

Dag tre var mellom Östersund og Bodø, ein lang biltur på 74 mil men på gode vegar og høg fart :sunglasses: Dette strekket har eg kjørt mange ganger før så det blei lite med kulturelle stopp. Eit hyggeleg unntak er Bergmans Fisk & Vilt like nord for Vilhelmina. Fristande kjølevarer måtte eg stå over men lot meg friste av røykt gjedde i olje og ei folkøl fra Northern Brewers laga for Bergmans. Ellers blei det handla inn litt nye øl på Systembolaget i Dorotea, Vilhelmina, Storuman og Arjeplog. I Bodø blei det eit tur innom for å kikke på Bodin kirke fra 1240. (Valgkyrkje 1814) Etter å ha parkert for kvelden blei det besøk på Hundholmen, Landlov og Piccadilly. Hundholmen ser ut til å ha slutta å namngje øla med batchnummer. Men, på UT er det nå årgang :scream:
Dag 4 var eit par km i bil og ein lang fergetur, så var eg framme på Sørvågen i Lofoten. Men, må alltid innom Bådin før eg tek ferga. Bryggeriutsalget er åpen så lenge det er folk på jobb i bryggeriet og det var klokka 09.10 ein torsdag. To nye Bådin øl til god pris.


Røykt gjedde frå Bergmans i Sverige til frokost framme i Lofoten. Veldig godt! Eg såg etter surströmming i fleire butikkar, men såg ingen boksar. Er vist vanskeleg å få tak i for tida pga mangel på råvarer.

Storuman

Mellom Sorsele og Arjeplog er kortaste veg delvis på grus, alt etter kva for alternativ rute du går for. Men, på slike sletter, utan møtande trafikk, kjører eg stort sett mellom 80 og 100 km/h. Men, kikk godt etter reinsdyr, eg traff på eit par.

Bodin Kirke

Hundholmen Bock var :imp: dårleg i fjor, med smak av dårleg «Jägermeister». Årets var mykje betre, og sterkare. Men, som før med dette obskure bryggeriet, eg lar det stå som det samme ølet. Eg endrer bare teksten under informasjon.

Vel framme i Lofoten :partying_face:

2 Likes

Det skulle vise seg at Lofoten hadde ei øloverrasking på lur! Vår nærmeste «storby» er Leknes og i tillegg til diverse handel i sentrum må eg alltid innom ein tur på to gardsysteri for å kjøpe geitost av god kvalitet. Aaland Gård og Lofoten Gårdsysteri ligg begge på Vestvågøy.

Den store overraskinga var at Lofoten Gårdsysteri hadde to eigne øl frå fat :grinning: Det blei ein lengre stopp her enn planlagt! Dei har brygga til eige forbruk ei god stund og har hatt bevilling og ei stund. Frå denne sommaren av har dei servert øl frå fat i kafeen på garden. To øl tilgjengelig, APA og Wit, begge med 10 prosent myse. Ein Brewmeister sto i kråa inne på ysterommet rett ved kafeen/gårdsbutikken. Det blir brygga batcher på 80 liter. Eg spurte om alkoholprosenten sidan det ikkje sto på menyen, svaret var «noe over 5%, kanskje 5.5%» Vel, godt eg hadde med meg to døtre og ei som kunne kjøre tilbake til Leknes sentrum :sunglasses:




APA og Wit

2 Likes