Dag 3:
Måtte innom Vadstena Slott ein liten tur, og selvfølgelig handle inn øl fra Wadstena på det lokale Systembolaget. Lokale øl blei og handla inn på Systembolaget Linköping (Tornby) og Norrköping (Mirum Galleria)
Overnattet i Norrköping men starta med ein togtur tilbake til Linköping for å sjå byen og utforske eit par ølplasser. Absolutte høgdepunktet var nok De Klomp, men Ölstugan Tullen, Backen og Malt och Humle var og veldig bra. Tilbake i Norrköping likte vi best Ölstugan Gull-Olle og Bar Kassett. Vi kom ikkje over alt pga litt tidleg stengetid på fleire plasser og tanken på kjøring dagen etter. Best av desse to byane? Utan tvil Linköping!
Dag 4:
Systembolaget Örebro (Marienborg) lokket med bra utvalg av øl fra Närke men og andre lokale bryggerier. Ein siste stopp i Karlstad (Bergvik) for å fylle på med lokale øl. Ellers handlet vi inn godt med lokal ost i både Örebro og Karstad. Jammen blei det ein boks surströmming. Godt Eirik hadde ein svær, deluxe kjølebag med!
I Halden var det privat overnatting hos admin og god ølvenn; Henrik aka Cunninham. Omvisning og øl på det lokale bryggeriet Tørst sto på programmet, før vi fekk eit par skatter fra Henrik sin private ølkjeller.
Dag 5:
Full fart til Kristiansand. Vi skulle på bussen 17.00 som førte oss til Nøgne Ø og «Dark Night 2024» Beer geek tour of the year! Veldig bra arrangement der det alltid er stor rift etter billetter. Ein flott anledning til å treffe andre, både Untappd og RateBeer.
Dag 6 - ein rein transport etappe utan stopp til Bryne. Nå venter bare timevis med ølrelatert kontorarbeid……