Mini-admin and his Norwegian roadtrip

Gløymte å nemne at Gulating Tromsø hadde 4 ulike fra Qvænbrygg og 2 frå Behind Bars :sunglasses: Om litt får dei og inn flasker fra Juga. Men, det endrer ikkje planen min om diverse besøk i Finnmark! Er nå i Alta. Roleg dag ølmessig, kikka innom polet på Storslett. Blei kulturstopp i dag: Grava til Jan Baalsrud i Manndalen blei besøkt, Tirpitz museet og kobbergruvene i Kåfjord. Ellers mykje flott natur langs vegen.


Kvænangsfjellet 401 moh


Ting og tang henta opp frå Tirpitz

4 Likes

Da er det avgjort: Alta er ein craft beer ørken. Har kikka innom alle vannhull, ingenting av interesse på tapp enkelte kvalitetsflasker blei observert, men ingen hadde meir enn 3-6 stk. Heilt ordinært bygdeby utvalg og ingen er verdt ein plassrating på RateBeer.

Godt du får tak i masse nye bryggeri til meg :joy: :grin: :crazy_face: :sunglasses:

Nytt bryggeri! Sorrisniva Pils blir konsumert på plassen :sunglasses: Godkjent pils i varmen her i dag. Ikkje søt, fin bitterhet :kissing_closed_eyes: Har bare ein type, var faktisk fare for å ikkje få øl, tomt for flasker i baren. Men, god service, fann flaske uten etikett, brygga ved påsketider, venter på etiketter som er bestilt.

Byggeprosjekt rett ved uteserveringa, eige hotellbygg med par og tjue rom. Altaelva rett bak, skiferbrudd lengre bak. Sorrisniva har planer om å brygge fleire ølsorter og med overnatting om sommeren, er dette eit godt alternativ til å overnatte i Alta sentrum. Om vinteren er det uansett ishotell her. Og, her snakker vi nanobryggeri, brygginga skjer på kjøkkenet til restauranten.

1 Like

Flott vêr på turen frå Alta til Honningsvåg. Spektakulær arktisk natur for ein søring.


Sennalandet

Honningsvåg, ikkje akkurat verdens navle, men neste bilde seier sitt :sunglasses:

Nordkapp Nano Bryggeri, Sjøgata Pub. Planke? Neida, eg raller gjennom heile rekka med 20 cl og to flasker pga tomt for fatølet. Trollølet bare på flaske :crazy_face::partying_face:

Måtte få med ein liten topptur 300 meter rett opp frå sentrum. Fortjent med øl etterpå :grimacing:

6 Likes

Fekk dagens nær-hjerteinfarkt-oppleving i dag :skull: Juga var stengt pga tomt for øl :scream: Så, gutter i sør, eg har neppe meg flasker med sørover :disappointed_relieved: Ikkje krise for min del: overnatter på Lakselv Hotell som har tre ulike flasker. Rusler litt seinare til Bankers Bar i downtown Lakselv, som og har flasker frå Juga.


Juga Lettlurt, nesten same farge som vatn! Smaker heldigvis litt øl. Venter på kveitemiddag og to nye flasker frå Juga.

Er du fast leser av denne tråden, skriv eit eller anna når du ser at eg har tre innlegg på rad. Ellers blir det taust for min del…

1 Like

Så det var bare Jug da, og lettlurt attpåtil.
Du får nyte den så får vi her i sør sørge.

RBHD-gjengen i Rogaland har ihvertfall fått smakt to Juga-øl tidligere, som jeg hadde med der oppe fra i fjor. Vi var vel ikke så veldig imponert av de ølene, men bryggeriet kan ha tatt seg opp siden, der er flere eksempler på at nye bryggerier har klart det. Fikk du gått innom Lakselv-polet og sjekket om de har Juga-øl i lokalt utvalg der? De har (eller hadde, i det minste) en dansk butikksjef som er veldig interessert i øl, så ølutvalget har vært mye bedre enn det man forventer å finne i et polutsalg på en så liten plass.

Butikk og pol, ingen har Juga. Kun eget utsalg eller enkelte puber. Lakselv/Porsanger er like dødt på UT som RB🤔

Polet i Lakselv har fortsatt godt utvalg med tanke på folketalet her :+1:

For dei som aldri har sett sola etter klokka 01.00 om natta :sunglasses:

4 Likes

Veldig flott plass om sommeren, kun for de “spesielt interesserte” vinterstid.

1 Like

Der er da fint der både sommer som vinter.
Sommeren hvor en går rundt fulstendig døgnvill og bekjemper mygg på størrelse med bombefly og vinteren hvor en går rundt og er trett døgnet rundt fordi en aldri ser sollys.

1 Like

Dagens etappe var 670 km, Skoganvarre, Karasjok, Tana Bru, Båtsfjord og tilbake til Tana, Vardø og 7 mil tilbake til Vadsø Fjordhotell. Aust-Finnmark på sitt beste i dag med 18-22 grader :sunglasses: Ikkje det heilt store ølmessig men har lasta inn fleire bokser/flasker frå Behind Bars (ingen nye) og Qvænbrygg (1 ny) Ellers er det tydeleg at Vadsø hadde vore ein ølørken utan øl frå Qvænbrygg!


Dagens frokost, med brød og majones. Gave frå kvelden før :grimacing:

Knut Bye Kolonial i Vardø!

Vardø: oversikt, Steilneset og festningen

2 Likes

Hyggelig gjensyn med mitt kjære Vardø. På bildet fra minnehallen ved Steilneset Memorial ser vi heksefjellet Domen i bakgrunnen. For tiden er det Pomorfestival i Vardø. God tur sørover.

1 Like

Flotte bilder! Tøft at du fikk tid til Vardøtur - og at værgudene var med deg.

1 Like

Værgudane svikta meg totalt i dag. Starta i Vadsø 07.35 og med sol og 16 grader, skya over i Tana og regnet kom rett etter Karasjok. Brukte 1,5 timer på å snoke gjennom ølhyllene på Kilpis. Stort sett lys lager og makroøl, men over 30 flasker/bokser blei med ut i bilen :grimacing: Måtte sette strek pga plassmangel. Ute var det pissregn og 8 grader. Turens lengste etappe på 86 mil. Sit no i ei lita hytte på Lapphaugen Turiststasjon og lurer på om eg skal kverke eit par finske øl :thinking:

3 Likes

Nok ein innhaldsrik dag! Vakna omlag 05.00 i hytta og måtte veldig nr 1 og :poop:. Fullt påkledd i 8 grader og regn tassa eg omlag 100 meter bort til servicebygget. Etterpå var eg lys vaken og kveika opp bilen 05.42 :grimacing: Møtte Kristoffer «Foffern» på Kjerringøy, veldig trivelig møte! Nytt bryggeri, ny plass og nytt bryggeri.


Kjerringøy, historisk plass med eige bryggeri!
Pub crawl Bodø er aldri feil :sunglasses:

Hundholmen, kva tid skal dei ta steget opp og lage gode øl :thinking: Herre, for noko sterkt dritt som bommer totalt på stil!
Fun fact: eg observerte fleire frå sentrale Austlandet som måtte spør etter vegen til dassen :joy::grimacing::joy::joy::joy: Dei forsto ikkje skiltet!

6 Likes

Jo, takk for besøket! Kjekt å være en del av denne episke ølreisen :grin: Og at du tok en detour for å smake ett helt ok øl langt ute i Gokk! :smiley:

2 Likes

Nok ein kjekk dag! Starta med eit besøk på Bådin


Her kan vi fremover forvente fatlagra godsaker!
Måtte og innom A/S Norsk Gjærverk på Mo. Her snakker vi mikro!
Bilen blei parkert i Snåsa og eg fekk ei øl i handa før eg blei vist til rommet mitt :grimacing: Topp service og innehaver tok seg god tid. Vi drakk øl i lag. Han har offisielt ikkje flasker , men fiska fram både Bringebær og Solbær utgaven av Weissbier. Min faste plass for overnatting i dette området :heart_eyes:

4 Likes

Du hadde greid å fått med ei tønne på taket hjemover vet du.

1 Like

Det blei to ny bryggerier i dag og, må ha båtskyss til begge to! Først var det Harøya som før heitte Qdulla. Namneskifte for ti år sidan men bryggerinamnet var ikkje så viktig for dei. Ølet blir brygga på fastlandet på eit melkebruk men blir bare servert på Harøya Seter, som i dag høyrer til garden. Båtskyss var bestilt i regnveret. Topp service, to gode øl og super fiskesuppe.


Fekk til og med tømme tanken på utedass :grimacing:

Neste bryggeri var på Ytterøya, 35 minutt med ferge frå Levanger. Med medbrakt bysykkel tok det ca 30 svette minutt kvar veg i lett kupert terreng frå kaia til Rampa, som er ein kombinert Pub/restaurant/Mix-kiosk. Kun ei øl på tapp pga covid 19 og ein sjuk bryggar. Men pytt, ei ny øl frå Ytterøens Brewing Company :smiling_imp: I Levanger blei det seinare to plassratinger, ein må eg legge til på RB

4 Likes