Mini-admin and his Norwegian roadtrip

Jada, Gulburet måtte besøkast igjen. Flott plass, god mat og heilt greie og enkle butikkstyrke-øl. Saison var ny, Brown Ale hadde eg i fjor. Kona kjørte til Grong etter mitt “ovestadige” 20 cl konsum :grinning: Stakk ellers nasen innom polet på Inderøy og God Mat Lokalt på Røra, dei hadde “alt” av Inderøy og Fæby.
I dag blei det obigatorisk besøk på desse i Bodø før ferga til Moskenes:
Vinmonopolet City Nord - alltid noko nytt for meg her!
Hundholmen - 2 nye øl kunne eg ikkje gå forbi, Bayer og Brown Ale, faktisk ganske gode øl.
Gulating Ølutsalg - litt snadder her og! Av alle ting: 4 nye øl frå Jellestad! Han bak skranken var frå Halden og ein kompis hadde brakt ølla opp til Bodø. Eg kan ikkje klage på slikt. @nilsas, skal eg bare bøtte dette ned i Lofoten? Då blir det litt stille frå nord, fram til eg vender bilen sørover igjen. Har litt RateBeer kontorarbeid å gjere i ledige stunder.

3 Likes

Og alt dette sier kona ja til?
Oh lord
Har du flere slike på jæren?

Du kan jo bare bøtte ned, men da er det ikke sikkert det er forsvarlig å ta turen sørover igjen etterpå.

1 Like

Flere koner?

Flere koner høres…ut

Ja, da har eg konkludert: sommeren 2021 på Sørvågen i Lofoten, er den verste eg har opplevd på mine årlege turar sidan 1997 :skull: Regn, lågt skydekke og kaldt har vore normalen. Ingen fjellturar og malearbeidet ute er utsett eit år. Ser ut til å bli ei betring i veret her når eg reiser sørover på søndag. Typisk! I dag er det stiv kuling med storm i kasta, pissregn og 10 grader. (Faktisk 1,5 grader opp frå i går….) Eg trøsta meg sjølv med litt gourmet mat til frokost i dag :grinning:


Sært men godt til brød, omelett, italiensk salat og seiersløkpesto frå Aaland Gård (som og har god ost)
«Peisen» eller «drolten» kosta den nette sum av 1478 kroner pr kilo. Billig, med tanke på alle boksane imperial pastry stout eg har stått over i 2021 :smiling_imp:

Hva er det?

Hval pikk?

Tørka torskerogn, din gris :smiling_imp:

2 Likes

Høres ut som du gjettet rett @Cunningham

1 Like

Då er eg i gang med turen heimover. Starta med ferge frå Moskenes 07.00, turen til Bodø tar 3t 15 minutt. Søndager ein drittdag for ølturister. Kunne tenkt ein stopp på Gulating, Vinmonpolet City Nord, Bunnpris Askmyra (flasker frå Engeløya), VP Mo i Rana (eit par sider og øl som ellers er på få pol) Kjørte direkte til Sandnessjøen for å rekke 15.30 ferga til Dønna. Ankom «Tre Kalver» i flott vêr men sol og 22 grader er nå blitt til 14 grader og tett havskodde. Blir snart konge av Tre Kalver med 4 ulike øl :sunglasses:

1 Like

Litt kulturinntrykk:


Fallos på Dønna.

Tre Kalver på Dønna. 4 flasker øl og dagens uer :grimacing:


Romslig leilighet for 1 person i fjoset. 1000kr

1 Like

Mandag: Starta med ferge frå Dønna til Sandnessjøen 08.35. 10 grader og havskodde i knehøgde. Sola kom i Mosjøen og i Verdalen var det 32 grader :hot_face: Ølhandel og plass ticks:
Spar Mosjøen - alt av Norsk Gjærverk og Raus, bra med Helgelandsbryggeriet og ok med Bodin.
VP Mosjøen - var ute etter ei øl frå Raus, blir servert 13.august
Dagens store nedtur: I Grong hadde eg vore i kontakt med ei som skulle opne for meg, men ho dukka aldri opp. Svara ikkje på tlf, sms eller då eg banka på døra privat! (Fann adressa på nett….) Sendte til og med melding til naboen med same etternavn, ho svara men kunne ikkje bidra. Kanskje neste år? Leksås Gårdsmat brygger øl og har flasker, det såg eg gjennom vindauget. Kan eg då rate plassen, @unningham?
VP Steinkjer - litt små snacks, blant anna frå Baatbryggeriet
Storflor Nordre - her hadde eg bestilt audiens. Veldig hygelig service! Gårdsutsalg av sider, honning, (mjød), krydder og stor avdeling for antikk og brukt. Alt eg handla blir servert 13.august. Følg med på Google skjemaet! Sider divisjonen blir heretter kalla «Cidergården» Nytt produksjonslokale var nesten ferdig. Eplehausten 2021 blir minimal, mange nyplanta tre. Dei satsar stort mot sidersalg frå våren 2023. Nye etiketter og nytt namn, vil nok og justere alkoholprosenten litt. 12.0 % er litt i meste laget men lokale kundar etterspør høg prosent :grin:
VP Verdal - mest for plassratingen, men godt utvalg av litt «betre øl» Nyheiter frå Salikatt og Nøgne Ø
Teveltunet - overnatting med topp notch service! «Motellrom», 2 øl, 3-retters middag og 6 øl i bilen til den hyggelige pris av 1700kr Satt lenge og konverserte med bryggaren og hadde ellers selskap av eit lokalt 70 årslag/familieselskap.

Hellvede heller, låst dør og innehaver gått under jorda? :imp:

Storflor Nordre - Cidergården

1 Like

Laksås var lei :cry:

Klart du kan rate
Du har jo vært der og sett alt de har
Tatt på bygningen til og med
Om du får vondt hjertet så kan du bare skrive det som det var.
Enkelt og greit :heart:

Nei, så sjuk er eg ikkje :thinking: Hadde blitt minuspoeng på service og låg sum på ambiance sett gjennom skitten rute. Klarte ikkje lese ølnavn heller då eg kikka inn. Prøver eit besøk om eit år om ikkje andre kjem meg i forkjøpet :grimacing:

Har trøbbel med å legge til bilder. Er nok gammel-mobilen som trøbler :imp:
Kort oppdatert:
Mandag: kjekk omvisning og handel på Storflor Nordre. Overnatting og topp service på Teveltunet.
Tirsdag: handel på Gulating Sirkus i Trondheim, besøk på Bryggeriet Frøya og overnatting på Ansnes Brygger. Kjøpte 30 flasker øl :grimacing::money_with_wings::money_with_wings: Kven har nå flest øl frå Ansnes? RB eller UT, What ever :sunglasses:
Onsdag: litt pol-ticking men avslutter med overnatting i Heidal. Banken….

Storflor Nordre, som snart skifter navn til «Cidergården»

Teveltunet, eit langt steinkast frå svenskegrensa


Måtte innom Hell ein tur!


Liten stopp for å plukke med meg litt thulitt på veg over til Hitra. Ein til nerde-hobby :grin:

Besøk på Bryggeriet Frøya. Bryggaren var opptatt med klargjering før Bryggerifestivalen i Trondheim, som var neste helg.

Ansnes Brygger: mikrobryggeri, pub, restaurant, overnatting og marina. Flott plass! Min bil med takboks.




Eg hadde leilighet nr 5.Blei eit par øl på uteområdet “mitt” :crazy_face:

2 Likes

Tok ein kalkulert omveg via Kyrksæterøra, kort stopp på Oppdal, Dombås og Otta. Målet for dagen var Banken Bryggeri og Spiseri i Heidal. Overnatta på Weistad kafe og hytter som ligg rett ved sida av. Brilliant plassering for ein ølturist!



Neste dag var første stopp i Lom, før turen over Sognefjellet.
Lom Bryggeri - eit hyggelig besøk!


Stavkyrkjer er alltid verdt eit besøk. Lom Stavkyrkje frå 1100-talet.


Over Sognefjellet til Skjolden Hotell for ein planke øl, mat og ein lengre pause :sunglasses:

Måtte ein tur innom ølutsalget til Ægir før dagen blei avslutta i Voss.

4 Likes

Siste etappe heim var via Hardanger og besøk på 3 sideri i Ulvik og 7 sideri langs vestsida av Sørfjorden. Sider blei handla på alle plassane! :grinning: :moneybag:






Dei fem bileta over er frå Ulvik. Bare eit lite utvalg!

1 Like

Vestsida av Sørfjorden, besøkte desse plassane:
Harding Sideri
Aga Sideri
Hardanger Cideri
Åkre Gard
Siderhuset Ola K (Restaurant)
Kvestad Sideri
Store Naa Siderkompani
Alde Sider
Veldig hyggelig velkomst og service på alle plassane! Harding Sideri oppgraderer med nye bygg i desse tider. Betre fasiliteter neste år! Aga Sideri hadde bare “Humlepung”, dei hadde måtte prioritera denne fordi eplehausten var så dårleg i 2020 og dei leverer på polutsalg over heile landet. Altså, andre sider enn Humlepung blei nedprioritert. Hardanger Cideri er den minst pittoreske av sideria på denne sida av fjorden, kanskje minst besøkt og? Men, romslig lokale, god parkering, hyggelig service og godt utvalg sider.
Tre bilete frå Aga:



2 Likes